Søk

Innkast

feb 26

Posta av: Sara Myhren Kornberg
26.02.2010 13:38 

Og vips - så var tida som nynorskpraktikant over.

I dag har eg fått handkle, kopp og pizza av Norgesglasset i avslutningsgåve. Men eg er tilbake allereie på måndag, eg, denne gongen som tilkallingsvikar. Hovudsakleg i magasinredaksjonen, men Tyholt er så lite at eg kan brukast på heile huset der det er behov.

Eg har allereie fått vite at eg skal jobbe nokre dagar neste veke, og heile påska (med mange raude dagar!), så det føler eg er ein bra start. Eg trur også at eg har hamna på "rett hylle", som Nynorsk mediesenter ikkje går av vegen for å seie.

 

 

Eg poserer i handkle med Norgesglasset-logo. Premie til programmets Facebook-venn nr. 4000 og avslutningsgåve til meg.

Kopp og to versjonar av det berømte glasset.

Lytt gjerne til dei to siste sakene eg har laga som praktikant:

Beitepatruljen

Dyr mat - ei myte

Programleiar Pål Plassen og eg. 

Eg avsluttar med det eg har skrive om Norgesglasset i statusrapporten til Magni.

 Eksternpraksisen min har eg hatt i Norgesglasset (NRK P1) på Tyholt . Her har eg fått utforske og eksperimentere med reportasjesjangeren, og eg har laga både seriøse og mindre seriøse saker.

Eg har berre positive ting å seie om redaksjonen, og føler at eg har vorte utfordra og behandla som ein vanleg journalist. No har eg fått eit tre månaders tilkallingsvikariat f.o.m. 1. mars, og veit at redaksjonen er nøgd med jobben eg har gjort og opplæringa eg har fått frå NRK Nynorsk mediesenter.

Det at eg har nynorsk som hovudmål har eg utelukkande fått positive tilbakemeldingar på, og det er tydeleg at Nynorsk mediesenter blir sett på som eit kvalitetsstempel i journalistmiljøet på Tyholt.

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Sara Myhren Kornberg

Eg blir ofte omtala som Ivar Aasens hjarteven. Eg kjem frå Folkestad i Volda kommune og er einaste jente på kull 11.

Eg byrja som frilansjournalist i lokalavisa då eg var 17 år, og har elles erfaring med redaksjonelt arbeid frå UKA-07 og studentavisa Under Dusken i Trondheim. Er utdanna litteraturviter ved NTNU.

"Innkast" er "blogg" på nynorsk.

Søk i bloggen