Eg har gjort mitt beste for å unngå OL. Men som journalist er det umogleg!
Eg klarer ikkje å unnsleppe OL når det er toppsaken i Dagsnytt, hovudoppslaget i aviser og nettaviser og tema i sendingane til Norgesglasset - dog med vår eigen vri.
I tillegg har eg vorte eksponert for OL under eit vorspiel (utan lyd!), i form av jubel og/eller kjeft frå TV-stova i kollektivet mitt, og under ein middag på Studentersamfundet - det var umogleg å ikkje sveipe blikket over dei to storskjermane og dei mange, mange norske flagga.
I dag laga eg også mi første OL-sak, om OL-medaljens historie. Høyr den her.