Søk

Innkast

jan 20

Posta av: Sara Myhren Kornberg
20.01.2010 12:00 

Norgesglasset er Noregs mest populære radioprogram, og har rundt 600 000 lyttarar kvar dag.

Det er cirka tolv medlemmer i redaksjonen, dei fleste er her i Trondheim, men det er også to reportarar i Oslo, ein i Bergen og ein i Bodø. Så dei har vi med oss på "boksen" på morgonmøtet som vanlegvis byrjar kl. 08:15. Vi har to programleiarar som byttar på, to vaktsjefar som sjefar over kvar si veke og ein produsent.

På morgonmøtet er vi opptekne av å finne dagens "snakkis", som går som førstesak i sendinga. Elles er sakene ofte anten dags- eller tidsaktuelle, kuriøse og opplysande - eller alt på ein gong. Faste innslag er Dagen i dag og kåseri.

Vi har som tidlegare skrive sendingar mellom 13:00 - 15:00 måndag til torsdag, og frå 14:00 - 15:00 på fredagar. Norgesglasset er ein del av Magasinredaksjonen, og vi har felles lokale med mellom anna Kveldsåpent, Musikkredaksjonen og Nattradioen i første etasje. Vi deler på ei (stor) kanne med (stygg) kaffi, og den som er så uheldig å slå ut siste skvett, må trakte ny.

I andre etasje fins P3 og kantina (som eigentleg er ganske lita), der Tore Strømøy er fast innslag. Mediehuset har også ein maskot, nemleg ei svart kråke. Til saman er det rundt 300 personar som jobbar på Tyholt, eller Mediehuset Trøndelag, som dei likar å kalle seg.

Elles kan eg opplyse om at eg bur på Bakklandet, som er Trondheims finaste bydel. Der bur eg saman med ei jente og tre gutar i eit heilt hus. Det er litt som å bu i Skomakergata. Eg kan gå langs Nidelva og kike over til Nidarosdomen på veg til bussen. Og det tek mindre enn ti minutt å gå til sentrum eller Samfundet.

Foto: Sara Myhren Kornberg/NRK

Tyholttårnet.

Isen tinar på Nidelva.

Domen sett frå Bakklandet.

Rosa snø og Nidarosdomen.

Desse bileta er tekne med eit vanleg mobilkamera og ikkje behandla noko særleg, men eg tykkjer at dei ser greie ut. No har eg likevel investert i eit speilreflekskamera (gosj, kva blir dèt på nynorsk?) og gler meg til å ta det i bruk.

Mine nyaste saker:

Kor lenge kan han overleve på 50 000?

Populære miljøbedrifter

Riper i lakken

Fedme blant barn

Sofasurfing

Over og ut!

Tags:

Kommentar

Sv: P1 - Godt selskap

Spegelattvendarrøyndomsapparat vel!

Trondheim er like vakker som alltid, fekk ein liten lengt attende skal eg innrømme.

Ved Steinarr den   27.01.2010 00:49

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Sara Myhren Kornberg

Eg blir ofte omtala som Ivar Aasens hjarteven. Eg kjem frå Folkestad i Volda kommune og er einaste jente på kull 11.

Eg byrja som frilansjournalist i lokalavisa då eg var 17 år, og har elles erfaring med redaksjonelt arbeid frå UKA-07 og studentavisa Under Dusken i Trondheim. Er utdanna litteraturviter ved NTNU.

Akkurat no har eg eksternpraksis i Norgesglasset på NRK P1.

"Innkast" er "blogg" på nynorsk.

Søk i bloggen