Søk

Innkast

jan 19

Posta av: Sara Myhren Kornberg
19.01.2010 15:53 

I dag hadde eg to saker på lufta i Norgesglasset (ei i kvar time) og det heile toppa seg med nettsak på framsida, nrk.no.

Det er veldig kjekt å bli brukt så mykje. Norgesglasset har sending mellom 13:00-15:00 måndag - torsdag, og frå 14:00-15:00 på fredagar, så det er ikkje alltid ein får ei sak med i sendinga. Det kan kome an på så mykje. Men i dag hadde eg altså to saker i programmet, og det er eg veldig nøgd med!

Du kan høyre dei her:

Status rettskriving - nettsak

Miljø og klima med Nemi 

I saka om Miljø-Nemi miksa og triksa eg litt med Raga Rockers etter innspel frå vaktsjefen, dei som kjenner låta vil høyre det, og han var veldig nøgd med resultatet og min rytmiske sans.

Redaksjonssjefen evaluerte sendinga, og eg er smigra over tilbakemeldingane frå både henne og vaktsjefen.

I går laga eg sak om mannen som vil totalforby røyking.  

Sist veke om kjæledyr i kulda. Då spissa til og med katten min heime øyrene.

Det er sikkert mange fleire ting eg burde skrive om her - mellom anna har eg nokre nydelege vinterbilete frå Tyholt og sentrum eg kan laste opp, men akkurat no er eg altfor sliten, så det får bli seinare.

Men eg kan avslutte med å skrive at eg trivest kjempegodt som reporter i Glasset.

P1 - Godt selskap

Ja, så sanneleg.

Tags:

Kommentar

Sv: Eit høgdepunkt på Tyholt - så langt

Me like !!

Ved Elise D den   19.01.2010 22:22

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Sara Myhren Kornberg

Eg blir ofte omtala som Ivar Aasens hjarteven. Eg kjem frå Folkestad i Volda kommune og er einaste jente på kull 11.

Eg byrja som frilansjournalist i lokalavisa då eg var 17 år, og har elles erfaring med redaksjonelt arbeid frå UKA-07 og studentavisa Under Dusken i Trondheim. Er utdanna litteraturviter ved NTNU.

"Innkast" er "blogg" på nynorsk.

Søk i bloggen