Søk

Innkast

des 11

Posta av: Sara Myhren Kornberg
11.12.2009 10:58 

Det er snart jul.

Onsdag hadde vi avslutning hjå faglærar Randi saman med Magni og Tone Lin. Vi fekk dei obligatoriske pulsvarmarane med "Stolt nynorsk" brodert rundt, så no kan eg flagge det kvar som helst.

Stolt nynorsk i grønt og svart.

I morgon skal vi ha julebord i NRK Sogn og Fjordane. Sjølv om ingenting ute tyder på at det er desember, og julestemninga manglar til dei grader, er vi altså snart midt i desember og vi har ei veke igjen av praktikanttilværet i Førde.

Det er ganske utruleg. Eg visste at tida her kom til å gå fort, sidan vi har hatt så mykje å gjere. Magni ba om nokre ord frå oss til den siste statusrapporten, og dei kan eg gjengi her:

Som nynorskpraktikant føler ein seg ikkje berre privilegert, ein er
det også. Så mange flinke folk har ausa av sin kunnskap for å lære oss
å bli flinke journalistar.

Eg har fått gjere ting desse månadane som
eg tidlegare berre kunne drøyme om. Til dømes hadde eg for eit år
sidan aldri trudd at eg kom til å ha eit innslag i Dagsrevyen.

Ein draum har vorte verkelegheit. Eg har aldri tvilt på at det er
journalist eg vil vere, og gjennom NRK Nynorsk mediesenter har det no
vorte ein realitet.

Eg har dei siste to veke jobba nett, men det let seg ofte kombinere med radio.

Nokre nett- og radiosaker:

Fire års fengsel for 100 overgrep (Hamna på framsida)

Kranglar om vaksinering av borna (Hamna også på framsida)

Bryt lova med vilje

Rocke-pakke frå Malakoff

Ishuset + nettsak 09.12.09

Varg Veum-produsentar i Førde + nettsak 11.12.09

Fylkesnytt 11.12.09

Les også: Tre bulletengdebutantar

Og sjølv om avviklarane så gjerne vil det, har eg verken bytta namn til Kronberg eller Kronborg!

Nisseprotest 17.12.09

Praksisen i Norgesglasset nærmar seg med stormsteg, og eg gler meg veldig. Eg har ei lita notatbok der eg skriv ned idear, og den byrjar allereie å bli ganske full.

Eg trur det vil fungere godt å ha praksis ein stad der eg "kjenner himmelretningane", som Magni seier, og der eg har ein fot innanfor ulike miljø.

I tillegg er det vel eit understatement å seie at det blir godt å ha eit sosialt liv igjen (!).

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Sara Myhren Kornberg

Eg blir ofte omtala som Ivar Aasens hjarteven. Eg kjem frå Folkestad i Volda kommune og er einaste jente på kull 11.

Eg byrja som frilansjournalist i lokalavisa då eg var 17 år, og har elles erfaring med redaksjonelt arbeid frå UKA-07 og studentavisa Under Dusken i Trondheim. Er utdanna litteraturviter ved NTNU.

"Innkast" er "blogg" på nynorsk.

Søk i bloggen