Den siste veka har eg jobba på nett.
Nettjournalistikk føles ganske kjent og trygt for meg som har bakgrunn som skrivande journalist. Det er heilt klart eit rush når noko skjer og ein må skrive ned nokre meir eller mindre velformulerte ord og publisere så fort som mogleg. Det er sjølvsagt nettet sin klare styrke.
Likevel merkar eg no kor kjekt eg tykkjer det er å jobbe med radio og fjernsyn. På nettet sit ein som regel inne heile dagen, og ein får ikkje vere der det skjer og snakke med folk. Ein lagar gjerne saker på andre sine radiosaker. Hittil har i alle fall aldri eg vore ute på eit oppdrag til nett.

Jobbing på desken.
Men i ein pressa marknad kan det å jobbe med nett gjerne vere ein "overlevingsstrategi", som Magni kallar det, og eg er glad for at eg meistrar nynorsken godt. Nynorskbrukarar på nett fins det få av i NRK. Kanskje kan eg i framtida bidra til at det også er tilnærma 25 prosent nynorsk der.
Neste veke blir det også jobbing på nett, før eg avsluttar tida i Førde med ei veke på radio. Så er det juleferie og etter det ventar nye moglegheiter og utfordringar i Norgesglasset. Det blir fantastisk å flytte attende til Trondheim, og eg er glad for at eg kan kombinere det å bu der med drøymejobben som journalist.