Fredag 20.11 var eg og Mathias i Naustdal og på Skei for å lage innslag om mitt favorittemne; nemleg bønder. Dessverre fann verken eg eller Mathias oss ein odelsgut eller ei odelsjente, men ei av kyrne vart veldig glad i meg. Saka gjekk i dag og du kan sjå den her. Vi hadde også studiogjest i etterkant av saka.

Scene frå mitt glamorøse liv som reporter i NRK Vestlandsrevyen.
Onsdag 25.11 laga eg sak om noko eg, tru det eller ei, likar enno betre enn bønder; øl. Fotograf Vegar og eg besøkte det splitter nye Kinn Bryggeri i Florø. Sjå saka her. Innslaget gjekk også på riks 26.11, på NRK1 i Morgennytt!
.
Ølbryggjar Espen Lothe og eg smakar på ølet Sjelefred.