Søk

Innkast

nov 19

Posta av: Sara Myhren Kornberg
19.11.2009 17:09 

Fjernsynspraksisen er i gong!

I dag var eg og fotograf Torje på Fanøy for å intervjue Kåre Bakken. Han har lenge hjulpe flyktningar som har kome til Norge, og har også bistått kyrkjeasylantar. Saka er ein "wipe" i det vi kallar ein "pakke" om Simon og faren som sit i kyrkjeasyl i Florø.

Den gjekk både i Vestlandsrevyen og i Norge i dag!

Sjå saka her.

Mine to veker på fjernsyn starta måndag, men dei første dagane har gått med til mellom anna radio og research. På tysdag følgde eg Malene og Vegard for å sjå korleis eit fjernsyns-team jobbar.

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Sara Myhren Kornberg

Eg blir ofte omtala som Ivar Aasens hjarteven. Eg kjem frå Folkestad i Volda kommune og er einaste jente på kull 11.

Eg byrja som frilansjournalist i lokalavisa då eg var 17 år, og har elles erfaring med redaksjonelt arbeid frå UKA-07 og studentavisa Under Dusken i Trondheim. Er utdanna litteraturviter ved NTNU.

"Innkast" er "blogg" på nynorsk.

Søk i bloggen