Søk

Innkast

nov 3

Posta av: Sara Myhren Kornberg
03.11.2009 19:40 

I dag rapporterte eg direkte i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane.

8.-klassingar fekk i dag lære seg 3D-programmet SketchUp, i forlenging av ei kunstutstilling på Kunstsenteret i Førde. Eg var der på det som kallast HF. HF-en er ei svær boks med ei kjempelang antenne og masse knottar, tilkobla ein mikrofon og eit headset. Heile sulamitten skal ein bere over skuldra.

Det var veldig artig å rapportere live på lufta, men då Erlend i studio fortalte meg at det var 10 sekund igjen, byrja eg å skjelve på hendene, og kinna mine raudna. Men alt i alt gjekk det bra, sjølv om eg kunne tenkt meg å luke vekk nokre "eeeh" og i alle fall eit dumt spørsmål.

Eg kan ikkje vente til neste gong eg får prøve meg! HF-rapportering er kjempekjekt!

 

 Klar for HF.

 

Tags:

Kommentar

Sv: Live på radio!

Det heiter vel "i ettermiddagssendinga" og ikkje "på ettermiddagssendinga". Det burde du vite!

Ved Lærar den   04.11.2009 16:52

Sv: Live på radio!

Notert og endra!

Ved Sara Myhren Kornberg den   12.11.2009 09:22

Sv: Live på radio!

hei, hvorfor dere sender roundt de pener jenter?

Ved farhan den   03.03.2010 11:04

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Sara Myhren Kornberg

Eg blir ofte omtala som Ivar Aasens hjarteven. Eg kjem frå Folkestad i Volda kommune og er einaste jente på kull 11.

Eg byrja som frilansjournalist i lokalavisa då eg var 17 år, og har elles erfaring med redaksjonelt arbeid frå UKA-07 og studentavisa Under Dusken i Trondheim. Er utdanna litteraturviter ved NTNU.

"Innkast" er "blogg" på nynorsk.

Søk i bloggen