Søk

Innkast

okt 20

Posta av: Sara Myhren Kornberg
20.10.2009 14:09 

I dag fekk vi prøve oss på HF-rapportering. Det var kjempekjekt!

Eg var på Hafstad vidaregåande skule, og rapporterte om lanseringa av allkunne.no. Opninga av dette nynorske nettleksikonet vart markert fem stadar i landet i dag, mellom anna i Førde. Eg snakka med styreleiaren i Allkunne, Arild Thorbjørnsen, og ein elev ved skulen på "direkten". For i ein slik øvingssamanheng rapporterte vi sjølvsagt ikkje direkte på lufta, men til Geirmund og Stian i studio. Likevel banka hjartet mitt ganske fort då Geirmund sette over til meg. Øvingssituasjonen var veldig realistisk.

På grunn av at det skjedde så mykje i regjeringa i dag, måtte vi dessverre bruke eit gamalt studio, og eg høyrde ekkoet av meg sjølv i øyretelefonane. Difor måtte eg legge dei ifrå meg rett etter at Geirmund hadde sett over til meg. Dette gjorde meg litt stressa, men det gjekk likevel greitt. Lyden var heller ikkje super, sidan eg brukte noko kalla Matrix, og ikkje ein vanlig HF-sendar, men det fungerte greitt. Matrixen ser ut som ein stor telefon, og brukar lang tid på å starte opp. Når den endeleg er i gang, ringer ein opp til studio over mobilnettet.

Stian ga tilbakemelding om at alle praktikantane gjerne kunne ha vore på lufta i dag, og at det er eit høgt niva på kullet vårt. Slik tilbakemelding er kjekk å få. Eg håper at eg får vere HF-reportar fleire gongar i løpet av internpraksisen i Sogn og Fjordane. Det er eit "kick" å vite at 50. 000 høyrer deg direkte på lufta.

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Sara Myhren Kornberg

Eg blir ofte omtala som Ivar Aasens hjarteven. Eg kjem frå Folkestad i Volda kommune og er einaste jente på kull 11.

Eg byrja som frilansjournalist i lokalavisa då eg var 17 år, og har elles erfaring med redaksjonelt arbeid frå UKA-07 og studentavisa Under Dusken i Trondheim. Er utdanna litteraturviter ved NTNU.

"Innkast" er "blogg" på nynorsk.

Søk i bloggen