Sist veke byrja vi med fjernsynsopplæringa. Onsdag drog eg ut åleine med ein haug tungt ustyr for å filme vêr og vind og etter ein time i høljregn kom eg attende med overeksponerte bilete som mest ikkje gjekk an å bruke.
Torsdag skulle eg og Simon reise til Stryn for å lage ei reportasje der. Eg skulle filme, og fekk ansvaret for å pakke bagen. Simon spurte meg fleire gonger om eg hadde hugsa alt, og eg sjekka; ekstra batteri, stativ, mygg...
Då vi hadde køyrd i ein halvtime og var komne til Vassenden, ringte Mathias. Om vi hadde gløymt å setje minnekort i kameraet? Det gjekk ei frysning nedover ryggen min. Nei? Simon svinga inn til sida, og eg sjekka. Jauvisst. Vi måtte snu. Vi fekk Geirmund til å køyre oss i møte med to minnekort. Etter at eg hadde snakka med han på telefonen, vart vi klare over at vi også hadde feil stativ. Simon hadde nemleg bytta kamera utan å seie frå til meg. Dette torde vi ikkje å seie til Geirmund.
Vi møtte han nesten attende i Førde, og han trøysta oss med at det er slikt som skjer. Vi smilte og takka. Så køyrde vi attende til NRK-huset, og parkerte på framsida slik at Geirmund ikkje skulle sjå oss. Simon sprang inn, og sjølv om han forta seg, møtte han sjølvsagt Geirmund på veg ut att.
Vi køyrde av garde på ny, cirka ein time forseinka. Så kom vi på at vi også hadde gløymt headset. Det fekk vi heldigvis låne av casen vår. Vi var attende i Førde klokka 18:00 den kvelden. Heldigvis kjem vi aldri til å gjere same feila igjen. Håper eg.
Det ordna seg heldigvis til slutt. Vi kom attende med over ein time med råstoff.
Eg var også på lufta denne dagen. Innslaget kan du høyre her.