Søk

Praktikantbloggen

sep 18

Posta av: Mathias Oppedal
18.09.2009 13:59 

Kvifor seier ein på lufta når ein har hatt ei sak på radioen, eller i fjernsynet? Det heiter på trykk når det er i ei avisa, og det forstår eg, trykksverta på papiret er den endelege forma saka di har. Men på lufta? Det næraste eg kjem logikk må vera at saka går gjennom luft før ho ender opp i radioapparata, eller fjernsynsapparata. Men likevel; på lufta? På lufta, på elden, på jorda, på vatnet. Det burde i tilfelle vera i lufta. Eg har hatt ei sak i lufta. Den var i lufta like før den trefte radioapparata og kom ut av høgtalarane.

Det finnes heilt sikkert eit svar på dette, og svaret er nok kuriosa av god sort, men det er fredag, og det har vore ei veke med mykje arbeid. Eg tek helg.

Desse sakane har eg i alle fall ei lita stund hatt i Sogn og Fjordanes friske luft: Gamle på Universitetet og Kritikk av Mattilsynet (Radiosaka er enno ikkje lagd ut)

Tags:

Kommentar

Sv: På lufta

Ja det er so mangt ein kan undra seg på.
I leseboka mi stod eit vers som var noko som så:

Han Ole er liten, men gløgg og forviten,
og alltid so grev han og spør:
Kor gamal er jorda,
Kvifor skin ikkje sola, om natta,
og kvifor har ikkje hunden fjør?

Ved primus den   18.09.2009 14:45

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 
 

Mathias Oppedal
 

Eg er Mathias Oppedal frå Nærbø, eg kom til verda i 1985. Etter tre år med fjernsynsproduksjon, eit halvt år i Latin-Amerika og harde tak på meieriet på Nærbø, er eg no i Førde. Her er eg for å verta journalist. Nynorskjournalist. 

 

Saker på lufta

Her kan du høyre saker eg har hatt på lufta.

 



 

 

admin