Kari Sørbø som tidlegare har arbeidd i ”Her og Nå” fortalde oss om kva som er god intervjuteknikk, og kva som er dårleg. Mens ho snakka om dette gjekk tankane mine til noko vagt frå min barndom, noko eg nesten hadde fortrengt.
Ein kamerat og meg sat i ein traktortilhengar, som var festa til ein traktor, som igjen var dekorert som eit tog. Anledninga var Nærbødagane, og eg var kanskje 11 år. Mot oss kom ei nydeleg ung dame som bar noko stort, det var kanskje ein opptakar, og i handa hadde ho ein mikrofon. Ho presenterte seg, og sa at ho ville intervjua oss, me skulle late som om det var direkte, men me skulle kunne høyre oss sjølve på radioen seinare på dagen. Me gjekk sjølvsagt straks med på dette, me skulle verta kjende. Ho sa at ho fyrst ville snakka med meg, og at ho kom til å stilla meg nokre enkle spørsmål. Ho fortalde vidare at når eg skulle svara på spørsmåla hennar, var det svært viktig at eg ikkje svara ja eller nei, for det var keisamt på radio. Mens ho fortalde dette byrja ho å trykke på knappane til denne store boksen ho hadde med seg, og eg kjende nervøsiteten koma. At det vart stilt krav til meg letta ikkje akkurat på trykket, men eg tenkte at eg likevel skulle klara dette, eg skulle klara det for ho. Dessutan var det jo so lite, det var berre og ikkje seie ja eller nei. Eg sa difor til ho at det var greitt. So sette ho i gang; ”Eg sit her på Nærbødagane i ei togvogn med to unge gutar, og Mathias, tykkjer du at det er kjekt å vera her?”, ho retta mikrofonen mot meg, det var min tur. Eg måtte kome på noko å svare, men ikkje ja eller nei, for Guds skyld ikkje ja eller nei, men nett då datt det or meg; ”Ja”. Ho sende meg eit litt kaldt blikk, men prøvde på ny; ”Er du glad for at sola skin i dag då?”, og eg, ein gong til; ”Ja”. Eg såg det i augo hennar no, eg hadde skuffa henne, eg hadde gjort den eine tingen ho bad meg om og ikkje gjere. Og ho vart sint; ”Nei, her får eg visst berre ja og nei svar, eg går vidare til sidemannen…”. Audmjukinga var total. Eg var den inkompetente guten som berre kunne svara ja og nei, eit faktum som seinare på dagen vart kringkasta. Det verste var kanskje at eg hadde skuffa den vene dama som hadde slik tiltru til meg.
Men so kom Kari Sørbø! Ho kunne fortelje meg at det ikkje var min feil. Denne unge journalisten frå Jærradioen hadde rett i at ja og nei svar ikkje gjer seg godt, men det burde ho ikkje brydd meg med. Hadde ho stilt opne spørsmål, i staden for lukka, så hadde det vore mykje lettare for ein ung nervøs gut å svare litt meir skildrande.
Det kjendes godt å få denne halvfortrengde byrda av mitt sinn, takk Sørbø, og til deg som intervjua meg; Når eg tenker skikkeleg godt etter, var du ikkje so framifrå pen likevel.