Søk

Praktikantbloggen

sep 8

Posta av: Mathias Oppedal
08.09.2009 11:04 

Det fyrste som møtte meg då eg kom til Førde var eit stort stygt skilt der Narvesen-kiosken fører statistikk over kor mykje softis dei sel i Førde. Om det er på grunn av skiltet eller softisen veit eg ikkje, men dei et i alle fall mykje softis her, nesten 24 000 selde i fjor. Dette var også det mi fyrste øvingssak handla om.

Den andre øvingssaka mi, som eg no held på med, er om ein skule der dei no skal få drikkevatn, noko dei ikkje har hatt på nesten åtte år. For meg verkar dette som noko heilt utruleg, men alle dei involverte eg har snakka med tek det med makeleg ro. Dette fekk meg til å lure på om det er slik det er her i Sogn og Fjordane, at ikkje alle har vatn i kranane som dei kan drikke, og kanskje enda til; at ikkje alle har innlagd vatn. Då eg lufta dette for faglæraren Geirmund fekk eg passet mitt raskt påskrive. Eg måtte forstå at om det er noko dei har nok av her i Sogn og Fjordane so er det vatn.

Og sjølvsagt har dei nok av vatn. På dei knappe tre vekene eg har vore her i Førde kan eg ikkje minnast ein einaste dag som har vore fullstendig utan regn. Og i dei aller fleste høva har det ikkje berre regna, det har striregna, pøsregner, hølja ned om du vil. Det var ein dum tanke, og eg skal aldri tenka han igjen. Kvifor alle tek det med knusande ro at ein skule har vore utan vatn i åtte år må altså heller ha noko med sjølve folka her og gjere, noko som eg enno ikkje veit kva er.
 

Tags:

Kommentar

Sv: Softis og vatn

Visste ikkje at du blogga! mmm..fekk lyst på softis nå:)
Fint bilde forresten;)

Ved Linni Pinni den   14.09.2009 07:12

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 
 

Mathias Oppedal
 

Eg er Mathias Oppedal frå Nærbø, eg kom til verda i 1985. Etter tre år med fjernsynsproduksjon, eit halvt år i Latin-Amerika og harde tak på meieriet på Nærbø, er eg no i Førde. Her er eg for å verta journalist. Nynorskjournalist. 

 

Saker på lufta

Her kan du høyre saker eg har hatt på lufta.

 



 

 

admin