Til no har Førde vore ein fest, og festen er visstnok berre så vidt i gang.
På fredag fekk eg møte dei andre nynorskpraktikantane, og me fekk teke oss ein tur på byen, mor mi fekk også vera med, ho hadde køyrd meg og flyttelasset. På måndag var det flott middag på eit hotell, der åt eg noko som eg trur var gris, det var i alle fall godt. På onsdag var det pizza å få i NRK huset, og i kveld skal det vera pølsefest. Det me har å sjå fram imot er 5-års jubileet til Nynorsk mediesenter, ein Oslo-tur og NRK Sogn og Fjordanes sitt 30-års jubileum. Eg kryssar fingrane for at det blir bollar, brus og jubelrus også til desse hendingane.
Elles er me også i gang med studiet, eller læra, eller kva det er ein kallar det, og me har allereie fått produsera med utstyret og programvarene som NRK nyttar.
Mykje har skjedd på ei snau veke, og om seks månadar trur eg nok det har skjedd mykje meir. Det blir kanskje hardt, men som dei seier der eg kjem ifrå "litt gildt au".
