Søk

Praktikantbloggen

feb 3

Posta av: Mathias Oppedal
03.02.2010 20:09 

På julebordet til NRK Sogn og Fjordane vart det vist ein julebordvideo, som dei hadde laga. Det var fleire tabbeklipp frå ulike fjernsynsreportasjar. Og sjølv om det var utilsikta, gjorde to av dei eit umåteleg stort inntrykk på meg, noko eg i stor grad kjenner på i denne kalde, kalde tida.

Det eine var av Trude Bakke, som kava seg av garde med eit kamerastativ på ein smal sti ved ein eller annan fjord. Sola steika. Det andre var av Anna Gytri som blei plaga av ein veps. Klippa var løgne nok, men det som brann seg fast i meg, var at det var strålande sumarvêr på begge klippa.
Eg hadde fram til då ikkje tenkt tanken ein gong; at det også går an å vere journalistar om sumaren. Og det såg flott ut!
Heile nynorskpraktikanttida mi har vore ei mørketid og ei kuldetid. Og no som eg snart er ferdig, tenker eg at eg vil halde fram. Eg vil sjå korleis det er om sumaren. Eg har berre vore ein haust- og vintarjournalist. Regn i førde og frost i stavanger. Journalistmathias har enno ikkje opplevd sumar, han har knapt opplevd plussgrader, og før han såg videoen av Trude og Anna visste han ikkje at det fantes sumar.
Så det ville vert synd om eg som journalist berre skal få oppleve våte føter, frostfingrar og mørke. Eg vil også oppleve veps, pollenallergi og ei alt for varm sol.
Når eg tenker over det har eg heller aldri kjend dei andre praktikantane om sumaren. Kanskje Bjørn Ivar er kortare i håret, og har shorts, og kanskje Aleksander inviterer på grillfest i staden for middagsselskap. Eg trur nok at han har eit eige sumarservise.
(Viss ikkje denne vinteren gjer seg snart veit eg ikkje kva eg kjem til å gjere. Kanskje eg banner!)

Tags:

Kommentar

Sv: Mørketid

Du er så flink til å skrive Mathias. Og du er så god til å filme, og god røyst har du og. Heldig du!Sommaren kjem ganske snart.

Ved du er så flink den   03.02.2010 21:26

Sv: Mørketid

Eg ler høgt på innanriksdesken i Dagsnytt!

Ja, Mathias eg vil òg vere sumarjournalist. Dessutan har eg klipt meg, og det midt på vinteren. Hovudstaden gjer noko med ein kan eg fortelje.

Ved Bjørn "Håret" Ivar den   04.02.2010 14:47

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 
 

Mathias Oppedal
 

Eg er Mathias Oppedal frå Nærbø, eg kom til verda i 1985. Etter tre år med fjernsynsproduksjon, eit halvt år i Latin-Amerika og harde tak på meieriet på Nærbø, er eg no i Førde. Her er eg for å verta journalist. Nynorskjournalist. 

 

Saker på lufta

Her kan du høyre saker eg har hatt på lufta.

 



 

 

admin