Eg har vore ei veke i praksis på NRK Rogaland. Huset er laga av stein, det ligg aude til på ein haug, som dei kallar Ullandhaug, og på Ullandhaug er det beinkaldt for tida. Slik sett kan ein kanskje seie at det er mot alle odds at dette gråe bygget, som liknar litt på ein trafostasjon, er fylt opp med gode folk, som har gitt meg ein flott velkomst. Det er kanskje litt i overkant å kalle folk gode etter ei veke, men dei verkar greie, og om dei ikkje er det, så er dei i alle fall flinke til å late som. Noko som er meir enn godt nok for meg.
Sjølv om kontoret i Førde og kontoret i Stavanger begge heiter NRK til førenamn, så er dei ikkje så aldeles like kvarandre. I Stavanger har mellom anna kvar tilsette sin eigen kaffikopp med namnet sitt på, noko som er greitt for meg som skal lære namn. Eg kunne til dømes aldri ha gjetta meg til at ho eine dama på morgonmøtet på fredag heitte Bjørn Olav, om det ikkje hadde vore for koppen hennar.
Andre ting som er annleis er korleis morgonmøtet er organisert, korleis reporterane og vaktsjefane sit i arbeidslandskapet og at det er fleire folk i Stavanger, med ein snittalder som heilt sikkert er høgare enn i Sogn og Fjordane.
Sjølv om det er godt å vere på meir heimslege trakter, kjenner eg også at det ikkje var so ganske gale i Førde. Og det dei ikkje har i Stavanger, men som dei har i Førde, er eit kontor i enden av gangen fullt opp til randen med flotte damer. Det kjennes litt tomt å ikkje ha desse damene rundt seg lenger. Men heldigvis har Magni lova meg at ho skal kome og besøke meg i Stavanger, i februar. Det er litt lenge til, men eg får berre vente.