Søk

Praktikantbloggen

des 4

Posta av: Mathias Oppedal
04.12.2009 08:07 

I logoen har dei ein hest, men dei eig ingen hest. I hagen står eit hundehus, men dei har heller ikkje hund. Eg reiser snart til Jæren, då har dei ikkje nokon kalvanakke heller lenger. Eller, ”slohyse” som Geirmund kalla meg. Fint for dei, men kanskje verre for NRK Rogaland. For det er her eg skal ta turen.

Sogn og Fjordane er fint, og Førde er eit flott kontor å vere på, men det er vanskeleg for ein Jærbu å puste mellom alle fjella som er her. Så det er ikkje fritt for at eg gler meg til å kome heim att til Jæren. Alexander Kielland skreiv til Bjørnson; «Enhver Klodrian kan beundre Hardanger, men kom til Jæderen, her har vi natur for viderekomne». Eg vil ikkje trekke det så langt, men det er noko med det vidstrakte landskapet eg saknar. Det er ikkje for å tråkke på Sogn og Fjordane tær, det har noko med ein Jærbus natur å gjere. Uansett tråkker eg ikkje på Sogn og Fjordane tær, sidan Hardanger ikkje er i Sogn og Fjordane, og kanskje enda viktigare; Kielland skreiv bokmål, så innhaldet kan vel avskrivast.

Den siste tida har vore storvegs, og det er ikkje grunn til å tru at det vil endre seg dei siste vekene. Eg byrja med to veker internett, so var eg to veker på fjernsyn, og no har eg vore, og har att, to veker på radio.

Samina kan fortelje at Rogaland er eit bra kontor for ein nynorskpraktikant å kome til ekstern praksis. Eg trur nok at ho snakkar sant. Og eg håpar at dei også tek godt i mot ei ”slohyse” frå Jæren som ikkje veit å setje godt nok pris på høge fjell og djupe dalar. Eller, som ein annan framifrå poet, med riktig målform skriv; Der kor vatn går i tunnel, tvers gjennom verdas villaste fjell. So kjem det att, som kilowatt.

(No tråkka eg på Sogn og Fjordane tær, eg skreiv om på det aller heilagste dei har; Sogn og Fjordane Songen, som Ottar Wik har skrive teksten på, og Kåre Sandvik melodien. Høyr han, men ikkje last han ned!)
 

Tags:

Kommentar

Sv: Slohysa skal snart heim

Eit fælt namn han Geirmund hadde gitt guten med 25% Sognablod. Men Jæren gler seg til å få deg heim!!!

Ved Geir den   04.12.2009 15:16

Sv: Slohysa skal snart heim

Det var no godt meint, då. Mathias er ein gilde gut!

Ved Geirmund den   06.12.2009 16:21

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 
 

Mathias Oppedal
 

Eg er Mathias Oppedal frå Nærbø, eg kom til verda i 1985. Etter tre år med fjernsynsproduksjon, eit halvt år i Latin-Amerika og harde tak på meieriet på Nærbø, er eg no i Førde. Her er eg for å verta journalist. Nynorskjournalist. 

 

Saker på lufta

Her kan du høyre saker eg har hatt på lufta.

 



 

 

admin