Søk

Praktikantbloggen

nov 17

Posta av: Mathias Oppedal
17.11.2009 20:33 

Ein kan seie mykje om statistikk. Nokre seier at det er med statistikk som det er med ein bikini; han syner noko interessant, men han skjuler noko vesentleg.

Når ein så ser på kjønnsfordelinga slik ho har vore nynorskpraktikantane mellom, kan ein ikkje seie det ligg mykje skjult. Snarare tvert om skrik fakta mot deg, skamlaust nakne. Og fakta er; det kjem fleire jenter enn gutar inn på NRK Nynorsk mediesenter. Dette er det fjerde reine jentekullet av totalt tolv, det har aldri vore eit reint gutekull. Det har no vore 39 jenter, og berre 21 gutar.

Dette er ekstra tungt å svelgje for oss som har vore gutar på dette kullet. Det av den grunn at me er det kullet som har hatt flest gutar, heile fire av fem. Altså; Magni og gjengen ga gutane ein sjanse. Me fekk nokre månadar til å vise at også me kan duge til noko. Så kom tilbakemeldinga, og ho kom i klartekst; nok eit reint jentekull.

Me skulle altså slå eit slag for mannfolka, men me bomma fullstendig. Me kan berre ta av oss hatten for jentene, dei har overmanna oss. Dei har funne vegen til nynorskens skog, mens me har rota oss bort.

Anten det, eller er eg på villspor. Og korleis var det med den bikinien...?

Om ein ser på prosenta er det 65% jenter. Eller; seks og ei halv jente per tiande person, som ein visst skal seie på journalistspråket. Og då må ein vel kunne sei at fordelinga er ganske jamn.

Den siste tida har eg arbeidd med ei sak der eg har måtte lese rapportar. Rapportar om gjennvinning av plast. Alle eg snakkar med les tala frå rapporten på sin måte, dei har alle eigne tal, og eigne prosent. Kanskje har dei enda til eigne bikiniar.

Slik sett kan ein seie at konklusjonen av dette rotet er; statistikk er ein bikini, gutar rotar seg nok ikkje meir bort enn jenter, for det er ingen skog som heiter nynorskens skog, og til ny året kjem det eit flott nytt kull til Førde.

Tags:

Kommentar

Sv: Neste kull er teke ut, og det er berre jenter.

Det skal ikke være komma i overskrifter!!!!

Ved Ape den   17.11.2009 21:27

Sv: Neste kull er teke ut, og det er berre jenter.

OK

Ved Mathias Oppedal den   18.11.2009 16:28

Sv: Neste kull er teke ut, og det er berre jenter.

Heller ikkje punktum!

Ved Katt den   25.11.2009 22:53

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 
 

Mathias Oppedal
 

Eg er Mathias Oppedal frå Nærbø, eg kom til verda i 1985. Etter tre år med fjernsynsproduksjon, eit halvt år i Latin-Amerika og harde tak på meieriet på Nærbø, er eg no i Førde. Her er eg for å verta journalist. Nynorskjournalist. 

 

Saker på lufta

Her kan du høyre saker eg har hatt på lufta.

 



 

 

admin