At helga svinn som sand, eller vatn, eller kva det no er, mellom fingrane er eg kjend med, og dette har stort sett vore høve sidan eg byrja skulen ein gong på nittitalet. Men at vekene går so til dei grader fort har eg aldri vore med på tidlegare. Så kva kan det vera? Eg kan ikkje sjå nokon annan forklaring enn at dette må ha noko å gjera med journalistyrket.
Kva det har å gjere med journalistyrket veit eg ikkje. Men eg opplever i alle fall at tida går fortare anten det skjer mykje eller lite på ein dag.
Med dette i bakhovudet kjenner eg på det som om eg har kome til eit vegskilje, eller eit Rubicon om du vil. Eg er på NRK Nynorsk mediesenter, men vil eg bli journalist? På måndag byrjar me i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, så aldri før har dette spørsmålet vore viktigare.
Viss svaret er ja, må eg akseptera at tida vil gå mykje fortare enn eg er vand med. Eg kan risikere at eg vaknar opp om to veker og er ein 40 år gamal gift mann, eller meir truleg skild mann. Viss ein i det heileteke får tid til den slags i dette yrket, kanskje eg må ta høgde for at eg sitt einsam som ein gamal staur i ein eller annan krok om ein månadstid. Altså, viss eg går for dette yrket må eg i alle fall vera førebudd på å kyssa min ungdom adjø, eller gje han eit slengkyss mens han forsvinn ut i horisonten.
Kanskje er det verdt det. Eg får i alle fall prøve det eit par månadars tid…(!)