Me var ute for å overføre direkte til studio, eller for å læra oss dette. Ingenting av det me gjorde gjekk på lufta, noko eg skal prisa meg lykkeleg for.
Dei kallar det for HF-rapportering, og det fungerer godt på pulsen blir det sagt. Ein får inn på øyre kor lenge ein har igjen til ein er på lufta, og når ein er på skal ein halde det gåande så og så lenge.
Sjølv stod eg utanfor postkontoret i Førde kor dei har blitt frårøva parkeringsplassen sin. Eg skulle snakke med ein som arbeider på postkontoret. Geirmund talte ned, og eg kjende pulsen ta seg opp. Eg var på. Stressa prøvde eg å forklare korleis det såg ut på denne frårøva parkeringsplassen, og fekk kasta ballen vidare til postens mann. Han svara godt for seg, og eg følte at eg byrja å få taket på det. Pulsen roa seg altså litt ned. Men så tok han seg brått opp att. Mellom intervjuobjektet og meg stod plutselig ein heseblesande Bjørn Ivar Voll. Han hadde sprunge frå NRK til posten, og kunne fortelja meg at det ikkje var signal. Me fekk ikkje fiksa problemet, og det var berre kort tid til neste praktikant skulle på, og han skulle bruke utstyret som eg hadde. Eg måtte forlate mannen frå posten med hornet i handa og uforretta sak. Utstyret måtte vidare, nett slik som posten må fram, så han forstod meg sikkert, postmannen.
Men at postmannen kanskje forstod meg hjelpte lite så lenge saka gjekk i vasken. Eg tenkte at det ikkje var farleg denne gongen, men at om det skjer etter me har flytta ned til redaksjonen på måndag vil eg vera løvemat. Derfor tok eg ein ekstra grundig kikk på redaksjonen før eg gjekk opp på loftet i dag, og heldigvis såg det stort sett berre ut som tamme kattar.