I militæret trur eg det handlar om kven som har størst børse. På speidarleir; kven som har skarpast tollekniv, og på basar; kven som har kjøpt flest årer. På NRK Nynorsk mediesenter er det noko ganske anna ein slår i bordet med når ein skal vise tyngde, markere eit område, eller, rett og slett, berre vera best. Då slår ein i bordet med nynorsken. Og det vert slått i bordet både titt og ofte.
Sara kjem visstnok berre eit steinkast frå Ivar Aasens heimgard. Aleksander kjem frå verdas største nynorskby eller kommune, eller kva det no er han kallar Stord. Og det er ikkje sjeldan ein får høyre om Simon som har arbeida i Firda, verdas største nynorskavis. «Verdas største». Banaliteten er utan sidestykke.
Uansett. Bjørn Ivar og meg sjølv har hatt lite å stilla opp med når ein måler styrke på denne måten. Tysvær og Hå, eller Nedstrand og Nærbø, har for lite å skilte med i denne samanheng. Me har vore jenta i militæret. Han som ikkje kan spikke ei skikkeleg seljefløyte på speidarleiren. Eller den gamle gnitne dama på basaren, som berre er der for å snappe opp snakk. Utsiktene våre har ikkje vore gode, men på måndag såg eg ei gneist i enden av tunnelen.
Me vitja Ivar Aasen tunet, kor Ottar Grepstad viste oss rundt. Etterpå hadde han eit lite føredrag om korleis det ligg an med nynorsken i Noreg i dag. Som eit apropos til meg nemnde han at Hå kommune, trass i at det er ein språknøytral kommune, er den kommunen som har flest nynorskelevar i heile landet. Eg kjende meg brått ti gonger meir mann enn sidemannen min Aleksander (frå Stord «Verdas største nynorskkommune»). Eg var Mathias, og eg kom frå kommunen med flest nynorskelevar i heile verda. Heile universet! Bjørn Ivar stod enno att i kulda, men det fekk berre vere, eg var fri. Det var for godt til å vera sant...
Slik som det ofte er med ting som ser ut til å vera for gode til å vera sanne, var også dette for godt til å vera sant. Etter føredraget fekk eg statistikkar frå Grepstad med dei faktiske tala. Riktig nok hadde Hå kommune mange nynorskelevar, heile 2235, men det hjelper so lite når det var ein annan som hadde 2652, og det hjelper enda mindre når denne har namn Stord.
Eg er tilbake i skiten, eg er tilbake hjå Bjørn Ivar. Det er eit ekstra stort nederlag når ein har fått smake litt på dei uendelege herlegdomar som medfølgjer det å ha eit eller anna å gjere med verdas største nynorsk eit eller anna.