Det er både rart og litt trist å ta fatt på sin siste praksisdag. Dei to månadane i eksternpraksis har gått utruleg fort, og no er det altså over.
Eg kunne ikkje hatt praksis på ein betre stad - i NRK Trøndelag har eg fått utfordre meg sjølv på alle plattformer, fått mykje tillit og gode tilbakemeldingar. Eg føler meg mykje sikrare som journalist, og gler meg til å ta fatt på nye oppgåver.
Allereie neste veke er eg tilbake på Tyholt. Først skal eg jobbe nokre dagar i Her&Nå-redaksjonen, men mesteparten av sommaren skal eg vere her på distriktskontoret. Når sommaren er over er eg så heldig å få halde fram med å jobbe som tilkallingsvikar, truleg både her og i Her&Nå/Petre-nyheitene.
Eg ønskjer dei nye praktikantane lykke til i Førde! Det er berre å gle seg :)