Søk
mai 28

Posta av: Mari Langva
28.05.2010 22:54 

Riksing er eit omgrep eg vart godt kjend med i NRK Sogn og Fjordane, men det er jammen ikkje gløymt i Trøndelag heller. Det er nemleg om å gjere å få sakene på riksflatene så heile landet kan høyre/sjå/lese dei.

Den siste tida har eg jobba mest nett og radio. Eg hadde ei kveldsvakt førre fredag og sat åleine på kontoret på slutten og ringte politiet, skribla på diverse nettsaker og prøvde å få gjennomført alt eg skulle innan 22.00... Veldig kjekt å få prøve seg i "skikkelege" vakter også, og veldig greitt med tanke på at det ikkje er så veldig lenge til eg skal inn i sommarjobbturnus.

Ei av sakene eg fekk brukt litt tid på under kveldsvakta var om dei pedalfrie syklane som er så trendy no. Eg sendte tips til framsida, og vips så låg den der - faktisk i fleire dagar.

I dag har eg også vore nettreporter, og laga blant anna to framsidesaker; akkurat no ligg saka om sjukehuspresten som velsignar aborterte foster langt oppe. Tidlegare laga eg sak om professoren som vil at fleire studentar skal få born.

Elles har det sjølvsagt vore mykje fokus på streik i det siste. For medan dei streikande legg ned arbeidet i protest, får vi hendene fulle med å dekke det som skjer.

Onsdag denne veka laga eg radiosak om lokallagsleiaren i LO som kritiserer toppleiinga (spol til ca. 12.30). Ein kortversjon gjekk i Dagsnytt si hovudsending 17.30.

Elles viser det seg at eg er på P3 stadig vekk, det får eg i alle fall høyre frå kjentfolk. Eg får det nesten aldri med meg sjølv, då. Det er riks det òg, så eg er godt nøgd!

I tillegg til produksjonen er eg blitt sendt på kurs denne veka. Der har eg blant anna lært korleis NRK-arkiv og serverar fungerer (sånn ca. i alle fall...) Det var lærerikt og nyttig, spesielt med tanke på å hente opp arkivstoff eller saker frå andre NRK-kontor. Eg tek med meg alt eg kan få av kunnskap!

Dessverre er eg også midt oppe i eksamensperioden, så helgene og kveldane går med til lesing. Men denne helga blir det lesefri for å sjå på Grand Prix :) (det som rimar er sant!)

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 


Mari Michaela
Brente Langva



Eg er 23 år og kjem frå Volda på Sunnmøre.

Eg har studert medieproduksjon ved NTNU og vore aktiv i Student-TV i Trondheim, i 2009 som ansvarleg redaktør.

Eg har også jobba i Møre, lokalavisa i Volda, og i produksjonsselskapet News On Request.

Søk i bloggen