Søk
mai 18

Posta av: Mari Langva
18.05.2010 08:43 

På laurdag var eg direktereporter i Ukeslutt på P1. Temaet var sjølvsagt 17. mai, og eg var på plass på Husfliden for å sjekke stemninga den siste handledagen før nasjonaldagsfeiringa.

Her finn du Ukeslutt (eg er med heilt i slutten av første halvtimen kl 12.30, 15. mai)

Tilbake på kontoret laga eg ei lita nettsak frå det heile.

Det var utruleg kjekt å vere på direkten igjen, og eg er glad for å ha tillit nok til å bli sendt ut på eit slikt oppdrag. Litt hjartebank før eg gjekk på lufta hadde eg sjølvsagt, men eg var mykje mindre nervøs enn eg har vore før. Så eg reiser gjerne på HF igjen snart :)

No er kvardagen her igjen etter ei fantastisk 17. mai-feiring. Og eksamenstida nærmar seg... Eg fullfører bacheloren min i Medieproduksjon i tillegg til å vere nynorskpraktikant dette semesteret. Litt spent på korleis det vil gå.

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 


Mari Michaela
Brente Langva



Eg er 23 år og kjem frå Volda på Sunnmøre.

Eg har studert medieproduksjon ved NTNU og vore aktiv i Student-TV i Trondheim, i 2009 som ansvarleg redaktør.

Eg har også jobba i Møre, lokalavisa i Volda, og i produksjonsselskapet News On Request.

Søk i bloggen