Oj, som tida flyg - eg er snart ferdig med andre praksisveke i Trondheim!
Sidan sist føler eg at eg verkeleg har fått utfordre meg sjølv på alle plattformer. Eg laga radio-, tv- og nettsak om eit bustadaksjelag som ville kaste ut ein barnefamilie. TV-saka var toppsak i Norge i dag.

Eg kosar meg alltid med å lage TV, spesielt når det er saker der det er ei skikkeleg konflikt.
I går kveld fekk eg på den andre sida prøve meg på noko eg ikkje er flink til: sport. Eg vart sendt for å dekke kampen mellom Rosenborg og Stjørdals-Blink.
Eg tok bilete til nettsak og laga radiosak til i dag tidleg. Det var utfordrande, men veldig kjekt! Det var god stemning på stadion i Stjørdal, for dei fleste i publikum heia litt på begge laga. Godt over tre tusen hadde møtt opp for å følge med. Eg trur eg kan seie at så godt som alle av dei veit meir om fotball enn meg.
Det vart likevel sak: HØYR DEN HER (ca. 10 min ut i sendinga)
Eg jobba til midnatt i går, så er litt småtrøtt no... blir godt med litt helg òg.
Elles har eg registrert at eit nytt kull er tilsett - gratulerer til alle fem! :)