Søk
mai 4

Posta av: Mari Langva
04.05.2010 19:07 

I løpet av dei to første praksisdagane mine har eg fått jobbe på alle plattformer med saker om alt frå vêr til krig.

Variasjon er topp, og kort sagt så har eg det som den berømte plomma i egget.

Etter ei rask omvisning på Tyholt starta eg første praksisdag med å lage nettsak om snøvêret som gjer det farleg på vegane, sjølv om det er mai. Eit kort telefonintervju med NAF sikra også melding med snutt til bulletinen.

Radiosaka eg laga om fire russejenter som ikkje fekk gi russekort til sjuke ungar ved St. Olavs Hospital, gjekk i ettermiddagssendinga i går (du finn den på ca 43:40)

I dag, praksisdag nummer to, har eg hatt toppsak i Dagsrevyen. Saka gjekk også i Midtnytt, og handlar om Ørland sikringsstyrke som trenar for å takle bakhaldsangrep.

Eg vart kasta inn i saka litt i siste liten, men det var veldig kjekt. Eg er jo glad i å stresse litt. Utruleg artig å debutere på Dagsrevyen også!

Tidlegare på dagen laga eg nok ei vêrsak på nett, om Sykle til jobben-aksjonen på glattisen.

Eg gler meg allereie til neste sak :)

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 


Mari Michaela
Brente Langva



Eg er 23 år og kjem frå Volda på Sunnmøre.

Eg har studert medieproduksjon ved NTNU og vore aktiv i Student-TV i Trondheim, i 2009 som ansvarleg redaktør.

Eg har også jobba i Møre, lokalavisa i Volda, og i produksjonsselskapet News On Request.

Søk i bloggen