Då var siste veka i Førde over, og eg har pakka saman sakene og flytta tilbake til Trondheim...
Det var trist å ta farvel med redaksjonen, vaktsjefane og alle ved mediesenteret! Vi har fått ein fantastisk start på journalisttilveret med flinke kollegaer til å hjelpe oss og vaktsjefar som har gitt oss mykje tillit og ansvar. Eg føler eg har akkurat den ballasten eg treng for å starte i praksis i ein ny redaksjon.
Det var sjølvsagt også rart å skiljast frå medpraktikantane mine - det blir noko heilt anna å vere "åleine" som praktikant i Trondheim. Vi fem har hatt det utruleg kjekt, og eg har lært veldig mykje av dei også desse fire månadane.

No er det NRK Trøndelag som står for tur, og eg er kjempespent på korleis det vil bli å starte der i morgon. Må seie det er herleg å vere tilbake i bartebyen.
To be continued...