Søk
apr 23

Posta av: Mari Langva
23.04.2010 13:49 

Eg har planlagt å blogge heile veka, men eg har rett og slett vore så oppteken med andre nettaktivitetar. Eg har nemleg hatt min første halvdel av nettpraksisen, og storkosar meg kvar dag.

Eg får skrive, ta stillbilete og i tillegg lage litt radio. Litt av alt er heilt optimalt, synest eg.

Russetida nærmar seg
...og eg har mingla med russen. Tryggleik var temaet for saka - russen får gratis sjekk av bilen sin hjå vegvesenet, og denne gjengen satsar på å vinne prisen for den aller sikraste.


Oskeordinflasjon!
Oskeskya frå Island har ikkje lagt seg enno, og det betyr stadige saker om alle dei dramatiske konsekvensane flystoppen får for folk.

Stakkars Dronninga fekk ikkje komme på besøk til Sogn og Fjordane denne veka, på grunn av oskeskrekkskya.

Det er til å få oskefnatt av. Oskefnatt er mitt nye favorittoskeord, og eg har fått lov å lage sak om dei nye oskeorda - både på radio og nett. Radiosaka skal gå i Dagsnytt i dag, etter planen. Les nettsaka her.

Våren som forsvann
Eg trur vêrgudane i Førde prøvar å førebu meg på flyttinga til Trondheim, for her skiftar vêret verre enn verst. Eg trudde det var midten av april, men det er visst blitt vinter igjen.

I hagen til Håkon Eikerol i Fjaler er det litt tropisk stemning trass i snø og slaps. Han har nemleg laga sin eigen palme av ei gammal gran.

ALLE SAKENE EG HAR LAGA FINN DU HER

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 


Mari Michaela
Brente Langva



Eg er 23 år og kjem frå Volda på Sunnmøre.

Eg har studert medieproduksjon ved NTNU og vore aktiv i Student-TV i Trondheim, i 2009 som ansvarleg redaktør.

Eg har også jobba i Møre, lokalavisa i Volda, og i produksjonsselskapet News On Request.

Søk i bloggen