Denne veka har verkeleg floge av gårde. Dessverre ser det mørkt ut for flyreisa mi til Trondheim i morgon...
Veka starta roleg med forelesning om "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" med Oddgeir Bruaset. Han hadde mange artige historier å fortelje. Eg må innrømme at det er godt å starte veka med ny faginput - både for å få lære meir og fordi mandagane blir lettare å stå opp til.
BLOD
Tysdag fekk eg endeleg laga reportasjen eg har tenkt på sidan før påske. Det er nemleg stort behov for nye blodgivarar både i Sogn og Fjordane og resten av landet.
Det trengs faktisk 30 000 nye, og tida før sommaren er spesielt viktig for å unngå blodmangel i ferien.
Eg var i blodbanken og donerte ein halvliter... Ingen skal seie at eg ikkje ofrar alt for jobben.
Høyr saka her!
SVETTE
Onsdag fekk eg ikkje tid til å drikke den obligatoriske kaffikoppen eingong, før eg vart sendt rett i bilen for å komme meg til Florø. Den eritreiske flyktningen Simon Thaye (10) og faren hans vart henta av politiet for å sendast ut av landet.
Eg sat med skuldrane langt oppover øyrene heile dagen og var stressa som aldri før. Ei såpass viktig sak har ein ikkje lyst til å øydelegge med å vere amatør...
TÅRER
Når ti år gamle Simon Thaye kom ut av bilen med tårer som trilla nedover andletet var vi nok fleire i det store pressekorpset som sjølv fekk tårer i augene. Han har opplevd meir enn tiåringar burde, og no blir han riven opp frå lokalmiljøet sitt på nytt.
Reportasjen gjekk i Her og nå.
Dagen i dag har også vore hektisk. Etter at den hersens oskeskya kom til Noreg og stogga all flytrafikken var det nok av saker å ta av. Eg laga sak om at ambulansehelikoptera ikkje kan flyge i dag. Den gjekk i Her og nå og Dagsnytt, så eg får opp nynorskprosenten i P1 for tida. :)
Dessverre er eg råka av vulkanoska sjølv; det ser dårleg ut for flyreisa mi til Trondheim i morgon kveld... Men med ein liten porsjon flyskrekk i magen er det kanskje like greitt å ta buss i desse tider. Viss det ikkje blir fullt, då. Eller streik.