Livet på desken kan vere travelt, frustrerande, kjekt og innimellom veldig treigt. Eg skulle ønske eg kunne spare opp dødtid og bruke den dei gongane eg har knappe fem minutt på meg til å lese blokker og klippe ferdig sak... Men adrenalinkicket er ikkje så verst, det heller!
Tida går utruleg sakte når ein ventar på at folk skal ringe tilbake, eller når ein prøvar å ringe folk gong på gong utan hell. I går prøvde eg heile dagen å få tak i Liv Signe Navarsete til saka mi om den dårlege Earth Hour-responsen i Sogn og Fjordane. Det viste seg at kommunalministeren var på skitur og hadde slått av lyden på telefonen sin. Alt endte heldigvis godt - ho vart med på direkten der ho fekk snakke om både Earth Hour og skituren.
No nærmar det seg påskeferie for oss som ikkje er statsrådar òg (vi blir heller ikkje ringt opp av slitsomme journalistar - flaks for oss). I morgonsendinga var det test av påskegodt, og restane står på kjøkkenet til glede for alle.
Eg bloggar medan eg ventar på at eit intervjuobjekt skal ringe meg tilbake, sjølvsagt...
Ventar du også på at telefonen skal ringe? Høyr dei nye sakene eg har laga:
Jølstring i MGPjr.-finale
Tilsynssak mot Flora kommune
Liten effekt av Earth Hour i Sogn og Fjordane (nyheitssak)
Liten effekt av Earth Hour i Sogn og Fjordane (lengre sak + intervju med Liv Signe Navarsete i etterkant)
Elles må eg fortelje at eg har fått praksisplass i NRK Trøndelag frå 3. mai! Det var mitt førsteønske, og eg gler meg sjølvsagt kjempemykje. Eg får flytte "heim" til Trondheim og jobbe på distriktskontor med både radio, TV og nett. Perfekt :)