Søk
mar 22

Posta av: Mari Langva
22.03.2010 18:35 

Eg og Gunn Evy vart sendt ut på oppdrag i helga. Vi reiste til Kalvåg i Bremanger for å dekke filmpremieren til ein tysk film som vart spelt inn der i fjor sommar.

Eg prøvde meg for første gong som fotograf med stort, tungt skulderkamera. Eg trudde først eg skulle knekke saman, men med easyrigg gjekk det greitt. Det var litt skummelt å vere to praktikantar ute på "ekte" oppdrag, men eg er veldig nøgd med resultatet.

Gunn Evy laga radiosak ut av det heile, medan eg laga TV-saka som gjekk sist i Vestlandsrevyen i kveld, og sidan på Norge i dag! Kjekt å debutere på riks med den siste TV-saka mi i praksisperioden.

I morgon har eg min første radiodag i praksisen. Eg er veldig spent på det!

Tags:

Kommentar

Sv: Mari prøver nye ting

Bra jobba!

Ved Eirik den   26.03.2010 05:16

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 


Mari Michaela
Brente Langva



Eg er 23 år og kjem frå Volda på Sunnmøre.

Eg har studert medieproduksjon ved NTNU og vore aktiv i Student-TV i Trondheim, i 2009 som ansvarleg redaktør.

Eg har også jobba i Møre, lokalavisa i Volda, og i produksjonsselskapet News On Request.

Søk i bloggen