Det er nemleg ikkje tid til å bruke så mykje tid!
Eg har mest lyst til å prøve ut forskjellige ting i redigeringa, trippelsjekke opplysningar og lese inn kommentaren min til eg synest den er perfekt. Men då får eg streng beskjed frå redigerar om at det er kø på klipperommet...
Det gjeld å finne den rette balansen slik at saka blir god nok, utan at ein brukar timevis på opptak og etterarbeid. I dag har eg gjort eit forsøk på nettopp det - sjølvsagt med god hjelp frå ein glimrande fotograf/redigerar.
Saka går i Vestlandsrevyen i kveld, men er alt lagt ut på nett:
Elevprotest mot kunnskapsministeren