Søk
mar 16

Posta av: Mari Langva
16.03.2010 17:51 

Andre og siste veke med TV-praksis er igong. Den skal eg utnytte best mogleg!

Kvar måndag i praksisperioden har vi forelesningar, og i går fekk vi besøk av Odd Isungset, leiar i PFU. Det var både lærerikt og inspirerande. Vi fekk sjå døme på saker som er blitt klaga inn for brot på god presseskikk og diskutere om dei bryt med Ver varsam-plakaten eller ikkje.

Eg fekk lyst å springe rett ut og lage ei kritisk sak som utfordrar grensene. Utan å gå over dei, sjølvsagt. Ein skal jo vere varsam. Ein bør også vere varsam når ein handlar på internett, viser det seg. I dag laga eg nemleg sak om svindlarar som prøvar å lure frå deg og meg store pengesummar. Saka gjekk på Vestlandsrevyen 18.40.

No ventar vi på våren...

 

No får det ikkje lov til å komme meir snø!

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 


Mari Michaela
Brente Langva



Eg er 23 år og kjem frå Volda på Sunnmøre.

Eg har studert medieproduksjon ved NTNU og vore aktiv i Student-TV i Trondheim, i 2009 som ansvarleg redaktør.

Eg har også jobba i Møre, lokalavisa i Volda, og i produksjonsselskapet News On Request.

Søk i bloggen