To månader har gått veldig, veldig fort. Eg har lært mykje nytt, friska opp i gamle kunnskapar og fått ein mjuk start i NRK Sogn og Fjordane-redaksjonen. Men no er det slutt på leiken - i morgon startar praksisen.
Det kjennest trygt å ha litt innsyn i kva dei driv med på desken før eg skal ned dit. Vi har vore innom og levert saker og snakka med vaktsjefane nokre gonger dei siste vekene. Det har gått veldig fint.
Samtidig blir vi stadig mint på at det ikkje er ein dans på roser å vere ekte journalist. Det er tidspress, stressa kollegaer, vanskelege saker og ærlege tilbakemeldingar. (Det har det vel i stor grad vore hittil også...? Men no er det på ordentleg!)
I morgon startar altså alvoret. Eg skal først ha to veker TV-praksis, så radio og til slutt to veker på nett. Eg er kjempespent!

Ivar Aasen og jentene :)
(Frå besøket på Aasen-tunet i slutten av februar)