TV er det mediet eg har jobba mest med frå før, men no som vi har terpa så mykje på radio merkar eg at det er vanskeleg å komme seg ut av radiomoduset.
Når ein har levande bilete å støtte seg på treng ein ikkje å forklare like mykje som på radio, og utfordringa blir å finne gode situasjonar som kan fortelje historia.
Eg synest det er ekstra kjekt å kunne samarbeide om ei sak, slik ein ofte får i TV-saker. I går laga eg sak om innvandrarar som lærer nynorsk saman med Ingvil. Den kom ut på nett i dag.
Planen vidare er å jobbe meir effektivt og klare å gi frå seg saka utan å finpusse i timesvis først. Enn så lenge er det godt å kunne prøve seg litt fram i redigeringsprosessen.
I dag har vi hatt ei knallbra forelesning om TV-kommentaren med Eva Westvik. Eg har lært utruleg mykje og gler meg til å få praktisere alt saman. I morgon og fredag skal vi få prøve og feile litt med å skrive TV-kommentarar, slik at vi skal sleppe å gjere dei første tabbene våre på lufta. Det synest eg er ein god ting!