Søk
feb 10

Posta av: Mari Langva
10.02.2010 18:20 

At vi er blitt radioekspertar er kanskje å ta i litt, men vi har i alle fall fått ganske god kontroll på oppbygging og teknikk innan radioreportasje.

Radiosaker eg har hatt på lufta så langt:
Fotgjengardynking kan gi bot
Feil fyring gir pipebrann
Reaksjonar på utspel om kyrkjeutmelding

 

Og no er det nettpublisering som står for tur.

Dei to siste dagane har vi lært om "jøss-faktoren" og det å lokke fram klikk på ei nettside. Det er visst lov å vere litt tabloid i NRK også.

Polopoly er nettredigeringsprogrammet til NRK. Om enn litt knotete så er det eit ganske lettforståeleg program, og det er kjekt å eksprimentere med bilete, lenker og faktabokser i teksten. Det gjeld å finne stoppunkt som augene kan kvile på undervegs, og merksemda til lesaren skal fangast av både det eine og det andre.

Andreas Grimsæth frå NRK Hordaland har lært oss alle dei smarte triksa for nettjournalistikk, og i dag har vi trent på å lage nettsak frå start til slutt.

Saka mi har blitt endra/betra litt på desken, så den er blitt litt lengre enn den var. Du kan lese den her.

På mediesenteret sløsar vi ikkje vekk tida, så vi går vidare til stillfoto og TV-reportasje allereie denne veka. Oppdatering kjem!

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 


Mari Michaela
Brente Langva



Eg er 23 år og kjem frå Volda på Sunnmøre.

Eg har studert medieproduksjon ved NTNU og vore aktiv i Student-TV i Trondheim, i 2009 som ansvarleg redaktør.

Eg har også jobba i Møre, lokalavisa i Volda, og i produksjonsselskapet News On Request.

Søk i bloggen