Søk
feb 2

Posta av: Mari Langva
02.02.2010 19:00 

Eg hadde første sak på lufta i førre veke, om lag samtidig som widerøeflyet mitt letta frå Førde og sette kursen mot Oslo. Saka handla om bilistar som sprutar ned fotgjengarar når det er vått ute.
 
I Oslo opplevde vi mykje rart, frå teaterførestilling til god mat og inspirerande personar. Aller kjekkast var omvisninga på NRK Marienlyst. Vi fekk besøke blant anna Dagsrevyen, Sporten og biblioteket. Vi fekk vere med på redaksjonsmøte og fekk omvisning i studio. Ingvild Bryn fortalde oss om korleis det er å vere nynorskbrukar i Dagsrevyen, og tidlegare nynorskpraktikantar ga oss gode tips på vegen.

Det var også trivelig å treffe og utveksle erfaringar med dei fem praktikantane frå NRK FleRe, som på mange måtar er i samme situasjon som oss.

I det heile var det godt å komme seg litt vekk og få ny input og inspirasjon. No er det berre å kjøre på vidare!

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 


Mari Michaela
Brente Langva



Eg er 23 år og kjem frå Volda på Sunnmøre.

Eg har studert medieproduksjon ved NTNU og vore aktiv i Student-TV i Trondheim, i 2009 som ansvarleg redaktør.

Eg har også jobba i Møre, lokalavisa i Volda, og i produksjonsselskapet News On Request.

Søk i bloggen