Læraren min i 1. klasse sa alltid at øving gjer meister. Det er det godt å tenke på når ein lærer nye ting og ikkje får det til med ein gong.
I det siste har vi jobba mykje med reportasjesjangeren for radio. Det er uvant å fortelje så mykje med lydelement og skildrande reporterblokker, og det krev at ein er vaken og observant ute på location. Vi skal fargelegge lyttaropplevinga og vere augene til lyttaren, har vi lært. Det høyrest kanskje enkelt ut, men det er vanskeleg å hugse på alt saman når ein er småstressa og tidspressa under opptak.
Endå verre er det å vere stressa eller nervøs når ein skal lese inn kommentarar i studio. Det blir det i alle fall ikkje godt å høyre på. I dag fekk vi besøk av logoped Jorid Løvbakk, som ga oss tips og triks i forhold til stemmebruk og framføring. Den behagelege, engasjerte og truverdige radiostemma kjem ikkje naturleg for oss alle, så vi må lære å hente den fram. Men det går altså an å hente den fram, har eg funne ut. Øving gjer meister.