NRK har sin eigen nynorskkonsulent, og det kan kome godt med. Ein kan nemleg ikkje skrive eller seie kva som helst så lenge det har a-ending...
Her gjeld det å ordleggje seg skikkeleg, ikkje [ordlegge] seg [skikkelig]. Klammeform er ikkje lov, må du vite. Normering er stikkordet, og kanskje er det ikkje så dumt at nynorsken skal bli enklare?
Valfridom er ikkje alltid så sorglaust, og det er ikkje så lett å finne dei rette orda. Heldigvis er det lov å jukse med den tjukke synonymordboka vi har fått.
Korrekt og presist. Variert, men konsekvent.
Språkkonsulent Jon Peder Vestad delte sin kunnskap med oss i dag, og vi fann ut at språkkunnskapar stadig treng oppfrisking og oppdatering. Omsetjing frå bokmål og forenkling av faguttrykk er ikkje berre berre. Ikkje ein gong god gammaldags verbbøying er så enkelt som ein skulle tru. Og det er ikkje god nynorsk alt som er lov.
Ordbok på nett er i alle høve kjekt å ha
Her kjem nokre vakre ord vi kom over i løpet av dagen. Dei er fine å krydre med.
Lende (terreng)
Kviss (quiz, kunnskapstevling)
Løyndom (hemmeligheit)
Fakke (arrestere, ta)
Nistetur (piknik)

GOD Å HA: Synonymordbok med omsetjingar til nynorsk