Fire intensive dagar ligg bak meg i mi første veke som nynorskpraktikant. Tida har gått i eitt sidan eg spent og nysgjerrig titta inn døra hjå NRK Sogn og Fjordane mandag morgon. Eg har allereie lært ein heil del.
ENPS, Digas, Maycom og DotNetNuke. Det er mange program og tekniske duppedittar å setje seg inn i, noko som er heilt etter min smak. Vi er fem praktikantjenter dette semesteret, og i dag har vi laga vår første øvingsradioreportasje.
No som teknikkunnskapane er i boks skal vi ta til med innhaldet - sjølve journalistopplæringa. Læringskurva er bratt, men heldigvis har vi dyktige og hjelpsame lærarar og mentorar til stades. Vi er blitt godt motteke av redaksjonen og dei andre tilsette på huset.
No gjenstår det å sjå om det kan bli skikkelege journalistar av oss etter kvart. Det er i alle fall kjekt å prøve!
