Søk

Ein blogg

mai 24

Posta av: Kristin S. Vestreim
24.05.2010 14:09 

Det er fint å vera i Oslo att. Folka og jobben i Førde er djupt sakna, men kjekt å få prøve seg på eiga hand.
Tida i Musikkredaksjonen har vore kjekk. Får stort sett lage det eg vil, og mi største utfordrig der, er å finne saker. Det er ganske anleis frå nyhendedesken i Førde. Der gjekk sjølvsagt utfordringa ut på å finne saker med lokal forankring, men vi hadde tross alt alle felt å velje mellom. No er det kun musikk, og det er ein kunst å finne gode saker der også. Noko eg sakte, men sikkert blir betre på. Kjekt er det uansett, og folka eg jobbar med er mosrsomme og trivlige! Ei anna stor forandring, er å lage reportasjar på opp mot ti minutt (inkludert musikk, men ein heil del lenger enn eg er van med likevel). Det er langt, men det har likevel gått overraskande bra å få det til.
No skal eg jobbe i Mozart og Madonna nokre veker, det blir spennande. Då jobbar vi med temaveker.  Rett før pinsen, fekk eg ein mail om at eg skal jobbe som produsent ei veke - det stod også at eg ikkje måtte få panikk, og at vi skulle snakke om det etter pinse. Eg har ikkje panikk, men er veldig spent!! Det er jo veldig kjekt om eg får gjere det, men det er også eit stort ansvar.

Det var alt frå Oslo for denne gang, skal bli litt flinkare på å oppdatere. Skal også legge ut litt saker.

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Kristin S. Vestreim

Eg heiter Kristin Selseng Vestreim, og er fra Kaupanger i Sogndal kommune.
Til Førde kjem eg rett frå Oslo, der eg har jobba 1,5 år i radioproduksjonsbyrået Verdens Sterkeste Mann. Eg har såleis litt reklame- og radioerfaring, men som journalist er eg heilt fersk og har dermed mykje å lære.
Studiebakgrunnen min er litt blanda; eg har studert musikk og kunsthistorie i høvesvis Malmø og Trondheim, men endte, etter eit år i Australia, til slutt i Oslo der eg har BA-grad i nordisk språk  ved UiO.

Oslo er min favorittby, nest etter Førde.

Søk i bloggen