I helga har eg vore på Nordfjordeid saman med Luttredaksjonen, Vegar Erstad og Gunn Evy for å dekke Ungdomens kultumørnstring.
Mens Stian og Stein i Lutt sendte heile helga på live streaming over nett, stod eg og Gunn Evy for fotografering av samtlige innslag. Og det var ikkje få. Det var faktisk rekordmange innslag denne helga, og alle skulle dokumenterast. Kunsten også. Og så er det jo ofte slik at ein ikkje får blinkskotet på første knips, så at eg har sett gjennom bortimot 3000 bilete i helga trur eg er heilt realistisk.
Resultatet av jobbinga vår, kan du sjå her (det er ikkje 3000 bilete der altså).
Men helga var altså utruleg kjekk! Det var ein veldig bra gjeng som for oppover, og vi fekk heldigvis tid til ein liten pubtur etter jobb både fredag og laurdag.
Eg er imponert over kor mange flinke ungdomar det er i fylket, nokre viste eit heilt utruleg høgt nivå, men andre var sjølvsagt mindre imponerande.
Om eg sjølv skulle vera dommar, hadde eg heilt klart lagt vekt på dei som stilte med eigen musikk. No var dei største repitisjonane av diverse power ballads og pub klassikarar heldigvis ikkje overrepresenterte denne gongen, men eg ser at mange har blitt inspirert av å sjå på X-factor og Idol. Eg syns det bør vera eit minimumskrav å stille med eigen musikk.
Men eg har fleire meiningar om UKM også. Nokre kommunar sender avgarde absolutt alt og alle som har meldt seg på for å fylle tida dei har disponibel på fylkesmønstringa. Det var ikkje alltid like heldig. Vel er dei søte desse småttisane, men det er vel ikkje alt ein er like stolt av etter fjortisåra...

Eg har tatt årets første utepils også, kanskje det var slik eg vart sjuk..
Nok UKM, det er vel begrensa kor interessant dette er for folk flest.
Eg har hatt TV-praksis den siste veka og det var utruleg kjekt. Det er moro å jobbe i team, litt meir sosialt enn radio kanskje, sjølv om eg nok likar radio best likevel.
Men fine dagar med Tv altså, og eg gler meg til å få produsere enda litt fleire saker denne veka.
Her er to saker fra forrige veke:
Russebussar til kontroll
Teater om mobbing
Og her er ein radiosak eg ikkje har lagt ut tidlegare:
Cøliaki (den vart sendt på Dagsnytt, Norgesglasset og Her og Nå)
Dette er siste veka, og eg skjelver i buksene for å sei det mildt. Det blir utruleg rart å reise herfra! Har blitt veldig glad i redaksjonen, og eg trur ein skal leite lenge etter eit betre arbeidsmiljø og finare folk! Eg gler meg sjølvsagt til å begynne i musikkredaksjonen, men det er rart å reise fra desse trygge rammene. Er eg klar?
I morgon skal vi lese bulletin. Eg har vore forkjøla i mange dagar no, og høyrer mest ut som ein mann når eg snakkar så dette skal bli spennande.
Peace out