Søk

Ein blogg

mar 23

Posta av: Kristin S. Vestreim
23.03.2010 08:44 

Litt på etterskot.
Skal legge inn ein blogg der eg samlar alle sakene mine, har ikkje vore så god på det.
Startar på tredje veka i praksis i dag, og så langt har eg hatt det heilt strålande. Fått laga ein del reportasjar og nyheiter, samt prøvd meg på HF to gonger.
Første gongen på HF følte eg var heilt krise, hugsar ingenting frå inslaga. Men når eg høyrte på det i etterkant, gjekk det jo ikkje så verst - heldigvis.

I går hadde vi besøk av Sonja Skeistrand som snakka om korleis det er å jobbe utanriks. Trur samtlige av oss vart veldig imponerte og interesserte. Ho beviste også at ein ikkje treng vera mann og over 50 for å jobbe utanriks, og det var jo litt greit sidan ingen av oss blir det i umiddelbar framtid.



 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Kristin S. Vestreim

Eg heiter Kristin Selseng Vestreim, og er fra Kaupanger i Sogndal kommune.
Til Førde kjem eg rett frå Oslo, der eg har jobba 1,5 år i radioproduksjonsbyrået Verdens Sterkeste Mann. Eg har såleis litt reklame- og radioerfaring, men som journalist er eg heilt fersk og har dermed mykje å lære.
Studiebakgrunnen min er litt blanda; eg har studert musikk og kunsthistorie i høvesvis Malmø og Trondheim, men endte, etter eit år i Australia, til slutt i Oslo der eg har BA-grad i nordisk språk  ved UiO.

Oslo er min favorittby, nest etter Førde.

Søk i bloggen