Søk

Ein blogg

mar 4

Posta av: Kristin S. Vestreim
04.03.2010 16:56 

 

I dag hadde vi vår første dag nede på desken. Det var travelt, men utruleg kjekt! Ringerunde til stortingsrepresentantar har eg ikkje kvar dag, men eg merka meg fort at dei hadde snakka med min like før, og var enkle å få i snakk. Fekk lappa saman ei sak i hurten og sturten (for meg hurten og sturten), og saka om stortingsrepresentantar sitt syn på kritikken mot leiinga i Helse Førde, vart sendt i ettermiddagssendinga. Å få tildelt ei slik sak på min første dag på desken, tar eg som eit tillitsteikn.

Eg har vore sengeliggande med influensa i fire dagar, og bulletengdagen med Tone Lin i går, var sterkt prega av  pusting og hosting i studio frå mi side. Sjarmerande.
Men om høvet byr seg, vil eg likevel svært gjerne prøve meg som bulltenglesar ein gang eg har litt større lungekapasitet.

For ordens skuld, skal eg nevne at eg i helga skreiv ein lang blogg om forrige veke, som eg diverre klarte å slette.. arrgs.
Det var i alle fall ei fantastisk veke med TV. Gunn Evy, Astrid og meg for til Viksdalen for å filme ungar som var på matskule midt i vinterferien sin, og resultatet av den turen fekk vi sjå på Vestlandsrevyen på fredag. Tv-debut der altså.

Vi var også på besøk på Aasentunet forrige veke. Der fekk vi omvisning på museet, og foredrag om språk av Ottar Grepstad. Vi såg også ein film om Ivar Aasen, der faren til Ingvil var statist.
Sjølve turen opp til Volda var heilt fantastisk! Sola skein på blå himmel, og vi såg kvite sunnmørsalpar i horisonten. Det var også veldig kjekt å sjå kor fint og forseggjort det var på museet. Sjølvet bygget er teikna av Sverre Fehn, og berre det er jo god nok grunn til å reise dit. Men på Aasentunet har dei også bygd opp att den gamle stova til Aasen, noko som balanserte museum og opplevingssenter godt. Innandørs har dei laga ei historisk vandring gjennom bygget som starta med Aasen sin død, og enda i fødsel. Ein fin vri. Arvingane til Aasen arva alle 250(?) eigendelene hans, og dei er utstilt på museet. Blant dei finn ein dei berømte tøflene hans og ein heil haug med billettar, tobbakspapir og kvitteringar som Aasen nytta til å skrive på. Ikkje rart han har skrive på alt han kom over, det må ha vore tungt nok å bere pulten sin rundt heile landet, om ein ikkje skulle dragse med seg ein heil haug notatbøker i tillegg.

I morgon får vi besøk av Roy på loftet. Han skal fortelle oss kva som blir forventa av oss nede på desken. Då får eg nok vite om eg gjorde nokre store blemmer på prøvedagen min i dag.. I tilfelle skal eg i alle høve vera budd til mitt nye journalistliv førstkomande tysdag!


 

 

Tags:

Kommentar

Sv: I gang

Tjohei så flott. "Såg" deg på vestlandsrevyen her om dagen. Var diverre litt dårleg kvalitet på det klippet eg fikk sett, men eg fekk høyrt deg så vidt det var. Veldig artig. Det virka jo som om det meste av det du laga blir sendt ut over eteren. Bra jobba :)

Ved Susanne den   05.03.2010 12:29

Sv: I gang

Fine hanskar! :) og fin flinkis. Håpar du er frisk att...

Ved Kirsten den   09.03.2010 14:36

Sv: I gang

Jaha og hvor er kommentaren din da Kris. Det jeg mente med lyden var jo selvfølgelig at jeg fikk hørt deg en liten snutt. Ikke at lyden var dårlig. For den var ganske så eksellente. Og filmingen også da. (Bortsett fra skurringen, men det hadde jo forsåvidt ikke noe med filmingen å gjøre.)
Jeg prøver å slutte med kaffe, herregud for et abstinenshelvete. Håper alt er bra med deg kjære. Masse fine bilder som også er lagt ut av deg :)

Ved Susanne den   15.03.2010 12:44

Sv: I gang

Kva med Portugal? Det er finanskrise der mann, og du nyttar tida til å reise opp til Hovdebygda!?

Ved Torjus den   18.03.2010 16:43

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Kristin S. Vestreim

Eg heiter Kristin Selseng Vestreim, og er fra Kaupanger i Sogndal kommune.
Til Førde kjem eg rett frå Oslo, der eg har jobba 1,5 år i radioproduksjonsbyrået Verdens Sterkeste Mann. Eg har såleis litt reklame- og radioerfaring, men som journalist er eg heilt fersk og har dermed mykje å lære.
Studiebakgrunnen min er litt blanda; eg har studert musikk og kunsthistorie i høvesvis Malmø og Trondheim, men endte, etter eit år i Australia, til slutt i Oslo der eg har BA-grad i nordisk språk  ved UiO.

Oslo er min favorittby, nest etter Førde.

Søk i bloggen