

Så var det fredag. Ein perfekt slutt på ei perfekt veke vil eg sei. Kanskje den beste veka sålangt. Kanskje har eg fått augene opp for TV? Kven veit. Spennande er det i alle fall.
Vi starta mandagen med å springe rundt på "pubane" i Førde på jakt etter ein brun pub. Den fanst ikkje, men reportasjen vart jo god, sida vi allereie hadde bestemt oss for at den ikkje fanst. Synd for Førde.
Tysdag for vi på gamleheimen og feira feitetysdag med raspeballar og gamle damer. Dei var så søte at vi nesten fekk lyst å flytte inn.
To supre dagar. Veldig kjekt å filme. Det er heilt nytt for meg, og ein stor utfordring. Det er ikkje lett å tenke fokus, sekvens, lys, kvitbalanse, inne-ute, kontrast, zebra og what not på ein gang mens du skal få med deg kva som skjer framfor linsa også. Men veldig kjekt altså. Og kjekt å redigere. Bilder er lettare tykkjer eg. Lettare å knagge, lettare å fortelje ei historie med. For det er det vi har drive med dei siste tre dagane.
Vi har hatt besøk av fantastiske Eva Westvik som har lært oss om TV-kommentaren i tre dagar. Det var så utruleg bra. Teori først, så oppgåver. Legg kommentar på ferdigklypte oppgåver du ikkje heilt veit kva handlar om, og gjer det bra. Det du skriv, skal henge saman med bildet, passe med bildet i tid, linke framover, linke bakover. Vera informativt, kortfatta, forståeleg, ha framdrift og samstundes vera interessant. Det var utruleg lærerikt, og mange av oss fekk samme oppgåver å løyse. Artig å sjå kor likt vi tenker, og kor ulikt vi formulerer oss.
På mandag skal vi besøke Ivar Aasen i Volda. Det vert stas. Eg har ikkje vore der heller. Når eg tenker meg om, er vel heile Møre og Romsdal ukjent terreng for meg.
Men dette er jo heilt topp, først Florø, og no Volda. Kva blir det neste?
No skal eg uansett ta helg, sjå litt meir på OL.
Her er ein video vi laga forrige veke. Da var vi på ein ungdomsskule i Førde og filma audition til filmatiseringa av Olaug Nilsen si bok "Få meg på for faen".
http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6990297
så det så .
Bilete er frå Gunn Evy og min sin tur til Dueskard.