feb
8
Posta av:
Kristin S. Vestreim
08.02.2010 22:30
Polopoly.
Litt vanskeleg å sei mange gonger etter kvarandre, men vi har lært polopoly i dag. I alle fall ein god del. No klarer eg å legge ut saker på nett, så da kan eg legge ut sakene mine her etterkvart som eg produserer.
Vi skal ha nett i to dagar til. Andreas Grimsæth, som blant anna skriv for YR, kjem i morgon for å lære oss og skrive på nett.
Forrige veke var Ingvil og eg i Florø og gjorde kvar vår reportasje. Det var kjekt å sjå ein ny del av fylket. Det er ei skam å sei det, men eg hadde aldri vore i Florø før.. Uansett, sola skein og det var tjukt i snø over alt. Florø var rett og slett nydeleg! Vi hadde litt overlappande intervju heile dagen begge to, så vi var tungt inni sakene til kvarande når det lei mot kveld. Det hjalp då vi sat og redigerte dagen etter. Trur vi hadde litt vel mykje råmateriale begge to.. Men sak vart det til slutt.
I kveld har Ingvil og Gunn Evy steikt lappar, og vi fekk besøk av Mari og Håvard. Stas med litt sosialisering.
Mi sak om vetle Balder:
www1.nrk.no/nett-tv/klipp/607296
Tags:
Kommentar
Sv: Polopoly, eitt steg nærmare.
Så fantastisk artig. At ein ikkje har oppdaga detta før. No kan ein jo følgja deg heile vegen. Søt søt reportasje om Balder, høres ut som om dere lærer sinnsykt mye :)
Ved Susanne den
09.02.2010 07:49
|
Sv: Polopoly, eitt steg nærmare.
kjempefin sak!!!!
Ved sissi den
09.02.2010 09:01
|
Sv: Polopoly, eitt steg nærmare.
Veldig søt sak. Og Balder, for et fint navn! Men Mari og Håvard kom ikke på besøk. Vi er jo her jo dumma. Nei ikke dumma forresten. Ser ut som du koser deg, skal jammen følge med på bloggen din, så skriv skriv skriv av hjertets lyst!
Ved Mari den
09.02.2010 09:25
|
Sv: Polopoly, eitt steg nærmare.
Du er den fødte radiodama :-) Fin stemme og perfekt nynorsk spør du meg!
Ved Lena den
09.02.2010 09:47
|
Sv: Polopoly, eitt steg nærmare.
Kongesak og -stemme! Kristin FTW, som dei seier. Om eg likevel kan få kome med eit tips; som nynorskinnlesar av lydbøker har eg motteke eit skriv om nynorskuttale frå Språkrådet. Der sto det, i samband med ordet "er", at det er grunn til å vera skeptisk til uttalen "ær", og at det er av omsyn til bokmålet at denne uttalen har blitt så utbreidd blant nynorsktalande mediefolk. Derfor er uttalen "e" meir rimeleg, og det er vel passande for ditt talemål, eller hur?
Ved Magnar den
09.02.2010 14:44
|
Sv: Polopoly, eitt steg nærmare.
Kongesak og -stemme! Kristin FTW, som dei seier. Om eg likevel kan få kome med eit tips; som nynorskinnlesar av lydbøker har eg motteke eit skriv om nynorskuttale frå Språkrådet. Der sto det, i samband med ordet "er", at det er grunn til å vera skeptisk til uttalen "ær", og at det er av omsyn til bokmålet at denne uttalen har blitt så utbreidd blant nynorsktalande mediefolk. Derfor er uttalen "e" meir rimeleg, og det er vel passande for ditt talemål, eller hur?
Ved Magnar den
09.02.2010 14:53
|
Sv: Polopoly, eitt steg nærmare.
Eg la like godt kommentaren min inn to gonger. Nytt og spanande medium dette internettet.
Ved Magnar den
09.02.2010 14:57
|
Sv: Polopoly, eitt steg nærmare.
Grattis med blogg søtnos,me ska følga med!! Kos å høyra deg på radioen :)
Ved Anita den
09.02.2010 21:09
|
Sv: Polopoly, eitt steg nærmare.
Du må blogga litt bilder òg ;)
Ved Anita den
09.02.2010 21:10
|
Sv: Polopoly, eitt steg nærmare.
Kan du blogge litt om den finansielle situasjonen i Portugal?
Ved Torjus den
10.02.2010 11:57
|
Sv: Polopoly, eitt steg nærmare.
Den finansielle situasjonen i Portugal med lokal forankring, skal bli. Ingen område er for store. Eg kan kanskje blogge litt om NAV og, viss du ikkje passar deg. Ellers er det så fint med kommentarar. Hurra! Fortset med det.Bilder kjem.
Magnar: det med "er" skal eg jammen sjekke opp i, men Nrk har ein del særreglar på uttale, så det forundrar meg ikkje om "er" må uttalast "er". Kjem tilbake med meir om dette så snart eg får sjekka opp i det. Men veldig bra med slike innspel!
Ved Krisitn den
10.02.2010 16:33
|
Sv: Polopoly, eitt steg nærmare.
Så artig sak! Fin oppbygging og proffe grep. Men kanskje litt lydjustering hadde gjort seg? :)
Ved Sara den
16.02.2010 14:41
|
|

Kristin S. Vestreim
Eg heiter Kristin Selseng Vestreim, og er fra Kaupanger i Sogndal kommune.
Til Førde kjem eg rett frå Oslo, der eg har jobba 1,5 år i radioproduksjonsbyrået Verdens Sterkeste Mann. Eg har såleis litt reklame- og radioerfaring, men som journalist er eg heilt fersk og har dermed mykje å lære.
Studiebakgrunnen min er litt blanda; eg har studert musikk og kunsthistorie i høvesvis Malmø og Trondheim, men endte, etter eit år i Australia, til slutt i Oslo der eg har BA-grad i nordisk språk ved UiO.
Oslo er min favorittby, nest etter Førde.
Søk i bloggen
|