På tide å oppdatere bloggen, ser eg. Denne blogginga ligg visst ikkje heilt i fingrane enda, men det skal det bli ei ordning på. Frå eg var lita av har eg ikkje vore så god på det med dagbokskriving eller brevskriving. Dei gongene eg prøvde vart eg så flau, at eg ofte måtte brenne materialet etterpå, slik at ingen kunne lese kva eg hadde skrive. Med internett er det litt vansklegare, så da må eg bruke litt meir tid på førebuinga . Men dette skal det bli ei ordning på no altså- øving gjer meistar!
I kveld har eg vore på kveldsmøte hjå Nrk, der fekk vi høyre framlegg for endringar av nyheitene framover. Det var veldig spennande å høyre kva tankar folk gjorde seg om rutiner og innhald i sendingane. Er inspirerande å høyre flinke folk snakke om noko dei åpenbart er engasjerte i.
No er det dags for pakking, for i morgon fer vi til Oslo - min andre heim.. Eg gler meg utruleg mykje til å besøke dei forskjellige redaksjonane, samt kjenne litt på korleis dei har det på Marienlyst og Østlandssendinga. Det blir også spennande å møte FleRe, våre sysken i Oslo.
Må sjølvsagt få med at eg debuterte på radio forrige veke. Hurra!
(progresjonen etter det, har vore så som så, då eg slit litt med å finne gode nyheitssaker, men det skal det også bli ei ordning på).