Søk

Ein blogg

jan 7

Posta av: Kristin S. Vestreim
07.01.2010 13:51 

Loftet, Nrk-huset, Førde, Norge.

Det er her vi er no, på Loftet. Det er på Loftet at alle praktikantar held hus under opphaldet. Loftet er ein stad for intens læring- teoretisk og praktisk. Det er berre fjerde dagen, men vi har allereie vore ute og prøvd oss som radioreporterar. Rett nok på huset, men det var nettopp slike tolmodige menneskjer vi trengte på første oppdrag. Eg trur alle fekk mykje ut av jobbinga i dag, ikkje minst fekk vi nyttige tips fra erfarne intervjuobjekt.

Dei første dagane har vore spennande og utfordrande. Vi er alle nye i byen, og vi skal alle gjennom den same opplæringsprosessen. Om vel 6 månedar skal vi vera klare til å jobbe som journalistar. Det er ikkje så veldig lenge til akkurat.
Men vi er på veg. Vi drøymer om ESPN, DigaS, Easytrack, bulletin, blokk og maycom. Og om dagen vi lagar superreportasjen.

Førde har også vist seg frå si beste side. Eg hadde førebudd meg på ein grå by på denne tida av året, men her var det kvitt, kaldt og solfylte toppar.
I helga får vi ski og snowboard på plass i leiligheiten, så til veka kan vi forhåpentlegvis nyte litt av naturen rundt oss.

Eg gler meg skikkeleg til alt som skal skje framover, og blir meir og meir motivert for kvar dag som går.
 

 


 

 

 

 

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Kristin S. Vestreim

Eg heiter Kristin Selseng Vestreim, og er fra Kaupanger i Sogndal kommune.
Til Førde kjem eg rett frå Oslo, der eg har jobba 1,5 år i radioproduksjonsbyrået Verdens Sterkeste Mann. Eg har såleis litt reklame- og radioerfaring, men som journalist er eg heilt fersk og har dermed mykje å lære.
Studiebakgrunnen min er litt blanda; eg har studert musikk og kunsthistorie i høvesvis Malmø og Trondheim, men endte, etter eit år i Australia, til slutt i Oslo der eg har BA-grad i nordisk språk  ved UiO.

Oslo er min favorittby, nest etter Førde.

Søk i bloggen