Søk

Meg, meg sjølv og bloggen min!

sep 2

Posta av: Karl Kristian Langeland
02.09.2010 21:24 

Kvifor er det slik at ein i dagens nyheitsbilete for det meste finn saker som handlar om krig, elende, vald, usemje og skandaler? Og vert vi aldri mette av det? Framside på framside, spaltemeter på spaltemeter og utallige timar på skjermen. Eg seier takk for maten, eg er vel forsynt!

Eg seier ikkje at vi ikkje skal ha nyheiter om krig og vald, om politisk utruskap og sinte aktivistar. Eg ser sjølvsagt nytteverdien av at vi vert opplyste av det som skjer der ute i verda, av både stort og smått, men diverre vert vi, i mine auger, opplyste om alt for lite smått. 

Kvifor får vi ikkje vite om fotballaget som spelar fotball med funksjonhemma ungdom kvar tirsdag? Kvifor får vi ikkje vite om mannen som seier opp jobben sin for å vere heime hjå kona som er ramma av alzheimers? Kvifor får vi ikkje vite om Gudrun på 83 som har spinka og spart for å få råd til å besøkje bror sin i USA som ho ikkje har sett på snart 30 år? Kvifor får vi ikkje vite om ho som har kjempa seg opp frå rennesteinen og i dag driv ei eiga bedrift. Ei bedrift der ho tilset folk som er i same situasjon som ho var i for ikkje så alt for lang tid sidan?

Eg kan fortelje deg kvifor. Det er rett og slett ikkje skandaløst nok. Det har ikkje nok konflikt, og vi kan ikkje "ta nokon på noko". Det feller inga regjering, og det får ingen samfunnstopp til å gå av. Den journalistikken som i dag pregar nyheitsbiletet er ikkje ute etter å belyse ei sak frå to sider, den er ute etter å skape framsider og gode opplagstal. Det får ein tydelegvis ikkje utan å grave og leite etter mest mogleg skit. Den er ikkje ute etter å vise oss korleis livet er kvar einaste dag for dei utallige enkeltindivida eit samfunn består av med mindre det får konsekvensar for nokon på toppen. Journalistikken har som oppgåve å spegle samfunnet. Men gjer den eigentleg det når det er økonomiske skandalar, ministermøte i G8 og enorme overgangssummar i Premier League som får omtrent all merksemda?

Eg vil slå eit slag for dei små tinga, for dei tinga vi ikkje tenkjer over, men som omringar oss kvar einaste dag. Saker som får oss til å smile og bryte ut i latter og saker som får oss til å tenkje oss litt om, ja kanskje til og med felle ei tåre. Saker som får oss til å reflektere over dei daglegdagse tinga, ting vi tek for gitt, relasjonar og kjensler vi ikkje viste om før det var for seint og saker som vekker minner til det vi trudde vi hadde gløymt. Det er trass alt det mesteparten av livet består av.

Tags:

Kommentar

Sv: Om utruskap, daud, gamle damer og dei små tinga i livet.

Utrulig bra innlegg Karl!
Eg vonar at dine ynskjemål blir til!

Ved Liron den   03.09.2010 07:32

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Karl Kristian Langeland

Karl Kristian Langeland (Foto: Vegard T. Foseide/NRK)

Stolt Sunnmøring av beste (evt. verste) sort. Oppveksten kring fjell og fjord har utan tvil sett sitt preg på meg, og den dag i dag lengtar eg alltid heim til den vakre bygda Hellesylt. Sjølv om heimlengsla ofte grip meg er eg ikkje redd for å reise ut i den store verda. Reisene har gjeve meg mykje attende både i form av opplevingar og kunnskap. Kultur og politikk er også noko eg interesserar meg for og gjerne brukar det eg har av fritid på. I denne bloggen vert det nok ein god del tant og fjas (men mest fjas). Du er med dette åtvara. Heilt til sist kan eg opplysa om at fjell er fint, potetgull digg og at bestemor mi er verdas beste!

Søk i blogg